Å selje seg sjølv

Når eg er inne på ei nettdateteneste, slår det meg at det er langt mellom godbitane. Og no tenkjer eg ikkje på godbit i form av manndom og brunst, nei eg tenkjer meir på korleis ein best skal selje seg sjølv. For nettdateprofilar er ikkje mykje annleis enn ei salsannonse. Eg skal ikkje skryte på meg at eg har høg kompetanse innan reklame og annonsering, men når talet på gode annonsar faretruande nærmar seg null , vaknar jammen seljaren i meg også. Sjølv om eg meinar at seljarar med alle sine triks, er sleske lurendreiarar, har eg likevel komme fram til ein steinfast konklusjon: Menn på nett må lære å promotere seg sjølv. Dårlege sjølvseljarar, det er det dei er.

Menn på nett er enkle menneske. Dei likar helst å krysse av på standardspørsmål med på førehand gitte alternativ som kan vise kva slags hobbyar dei har, kva dei likar å gjere, kva dei arbeider med og kva dei tener, kva dei fyrst ser etter hjå ei kvinne og kva dei vil servere den utkåra dersom ho kjem på visitt. Men når det kjem til å skrive meir om seg sjølv, så er det overraskande mange som let vera å fortelje noko som helst! Kva tenkjer dei på? Dersom dei i tillegg ikkje har lasta opp eit bilete av seg sjølv, så er jo heile nettprofilen dødfødt! Det er då vel ingen kvinner som faktisk blir interessert i ein kar som ikkje gidd å by litt på seg sjølv?

Menn! De må då forstå at dersom de skal utmerke dykk i godterihylla, så må de tilby noko meir! De må seie noko om dykk sjølve! Og då held det dessverre ikkje å skrive “hvis du syntes profilen min var interessant, så skriv!”. Nei! Eg syntest ikkje profilen din var interessant! Den gav svar på enkelte standardspørsmål, men seier ikkje eit kløyva ord om deg som person! Eg er ikkje interessert i ein standardsvarkar, eg er interessert i menneske! Eit menneske som vågar å by litt på seg sjølv, som tør å fortelje noko om kven han er!

På den andre sida, nokre menn burde vernast mot seg sjølv fordi dei byr for mykje på seg sjølv. Nokre menn burde ha eit filter på PC’en sin som får skjermen til å blinke i gult og raudt og oransje før dei publiserer profilteksten sin. Sjå berre på dette:

“Er ikke så opptatt av utseende og alder, men jeg liker ikke hengebryster, små bryster eller strekkmerker. Rompa bør heller ikke være stor. Synes brystimplantater er flott bare det ikke er større enn D-cup. Ellers er jeg ikke spesielt kravstor, men synes det er fint med litt stram mage. Før i tiden trente jeg mange økter i uken og hadde såkalt “drømmekropp” som noen kaller det, men nå har jeg vel en normal kropp med litt mage…Bryr meg egentlig ikke så mye…[…] Synes det er flaut når jeg overhører plattheter fra andre mennesker.”

Beste helsing lite kravstor mann på 40 pluss som søkjer sprettrumpe, sixpack og ståpuppar! Det er unekteleg noko paradoksalt over ein kar som mislikar plattheiter, men som klarer å lire av seg ein slik profiltekst. Og om ikkje varsellampene blinka på skjermen hans, så ringte i alle fall alarmen hjå meg.

Det er forresten ikkje berre profiltekstar som ber bod om håpløyse. Det er personlege meldingar av ymist slag som tikkar inn, men også i dette mediet er menn dårlege til å selje seg sjølv. Det gjeld å vera litt original eller i det minste litt sjarmerande. Ver litt på offensiven! Men dette er ein hårfin balansegang, for kjensler og originalitet treng ikkje alltid vera positive forteikn:

“Hei, jeg liker deg godt, har stor hjertesorg etter ulykkelig forelskelse (det jævligste en kan komme ut for!) Kan du reparere mitt hjerte?”

Øh…….nei! Ikkje snakk om! Ingen brennande behov for å reparere hjartesorga til nokon. Planen var ikkje akkurat å bli rebound girl. Takk, men nei takk!

Nei, nettdating på datetenester som match og sukker skapte berre frustrasjon hjå meg. Å vere til stades der motiverte meir til å utvikle eit foretak der menn kan få hjelp til å promotere seg sjølv, enn til å finne ein mann til meg sjølv.

Jaudå, eg testa jo ut verktøyet. I løpet av eit år møtte eg både det eine og det andre. Verst var vel kompisen til Rune Rudberg på nokon og førti. Som nyskild hadde han flytta heim att til mor si. Planen hadde jo ikkje vore å bli verande der, men etter åtte-ni månader, måtte han innrømme at det jo var veldig praktisk å alltid få heimelaga mat og nyvaska tøy. Eg unnskyldar meg med at eg var uerfaren i nettdateverda, for ein slik ein burde eg ha lukta lunta på lenge før det vart snakk om ein date. Men gode historier er jo heller ikkje å forakte.

Dei andre karane eg møtte var heldigvis langt meir oppegåande, dei kunne eg i det minste ha hyggelege samtaler med utan å streve for ikkje å sprute ut i latter opptil fleire gonger i løpet av ein relativt kort samtale. Likevel gjekk eg lei etter eit trekvart års tid. Sidan låg profilen min passiv i eit par år, og i sommar sletta eg han heilt. Sjølvsagt etter å ha inspisert eit par gonger og funne ut at alt var ved det same, om faktisk ikkje ein tanke verre også. For kanskje er tida forbi for dei meir fyldige nettprofilane? Kanskje har dateappane meir eller mindre utkonkurrert sukker og match? Kanskje er det heller på tinder at folk er? Og kanskje veit menn å selje seg sjølv betre på tinder?

(framhald følgjer…)