Kan ein vera stolt av at ein er skild?

Er det lov å vera stolt av at eg er skild? Kan eg seie at eg er stolt av at eg var sterk nok til å gå ut av det forholdet eg var i? At eg var modig fordi eg torde å bli åleine? Åleine med ein toåring?

Ja! Det er lov! Og ikkje berre er det lov å tenkje det. Det er lov til å seie det! Eg er stolt av dei vala eg tok, for etter at eg vart åleine har eg ikkje angra eit sekund på skilsmissa. Sjølvsagt var det tunge tak. Sjølv om det var eg som valde å gå, så vil ikkje det seie at det var med lett hjarte.

I byrjinga, rett etter at far til son min hadde flytta ut, var eg berre letta over å bu åleine. For å bu i lag når ein gradvis blir sikrare i si sak at forholdet ikkje er liv laga, er tøft. Ein baksar rundt kvarandre i ein tjukk graut av vanskelege kjensler. Derfor kjente eg det som noko tungt slepte tak i meg då eg fekk bustaden for meg sjølv. Likevel undertrykte eg stemmene som sa at eg hadde ein jobb å gjere. Ein jobb med å tynne grauten gradvis ut. Sjølvsagt hadde eg mykje å bearbeide, men så naiv eg var! Vesle meg forstod ikkje at å kaste seg ut i ein kvervelvind av eit nytt forhold ikkje akkurat var ein strålande idé.

Det gjekk eit år, så sette eg meg fast. Kjenslegrauten hadde berre tjukna og stivna. Det nye forholdet var heller ikkje rett for meg. For kven var eg til å sjå klart når eg aldri hadde prøvd å sjå inn i meg sjølv? Med hjelp frå ein psykolog og eit gradvis større medvit om eigne kjensler og tankar, vart eg meir og meir kjend med meg sjølv.

Eg sleit med dårleg samvit overfor far til sonen min. Ikkje fordi eg trudde eg hadde tatt feil, men fordi eg følte eg ikkje hadde behandla han bra nok, fordi eg ikkje hadde respekt nok for han, fordi eg ikkje hadde vore stolt nok av han, fordi eg mest av alt syntest synd på han.

Enno meir skuldkjensle hadde eg overfor sonen vår. Den vesle guten som ikkje fekk oppleve å vekse opp med mor og far saman. Eg var redd for ikkje å strekke til, ikkje å vera nok for han, ikkje gje han det han trengte. Og eg var så lei meg for at eg ikkje gav han sysken. Sorga over at han ikkje fekk sysken, vart i tillegg mi sorg over ikkje å oppleve å bli mor fleire gonger.

Men ein lærer å forsone seg med sorgene sine. Ein lærer å avfinne seg med at livet ikkje blir som ein hadde planlagd og trudd. Ikkje minst lærer ein å tilgje seg sjølv. Slik kan ein gå vidare. Slik blir grauten vatna ut til velling.

Gjennom å tilgje seg sjølv blir ein også stolt av seg sjølv. For eg veit at eg tok dei rette vala, og eg veit at eg er ei betre mor når eg har det bra. Eg kjenner meg viss på at eg gjennom å samarbeide godt med faren, kan gje sonen vår ein god og trygg barndom. Ikkje ein barndom som liknar på min, oppveksen som eg er i ein kjernefamilie med fleire sysken, men ein barndom som er hans. Ein barndom som eg kan skape for han og saman med han.

Så eg er stolt av alt eg får til. Stolt av at eg har skapt, og kvar dag skapar eit liv for han og meg. Eit trygt og godt liv rikt på opplevingar, utvikling og kjærleik.