Meg

Ein morgon då eg stod og venta på bussen til jobben, rulla ein av mange trailerar forbi. På tilhengaren til akkurat denne var navnet “tanke transport” måla. Eg lurte litt på kva traileren transporterte, men navnet fekk meg til å assosiere vidare. Tanke transport. Tanketransport. Tanketransportør. Tanketranspoet. Tanketranskripsjon. Tanketrongt. Transtankar. Transportere tankar.

Nettopp! Å transportere tankar, det er det eg vil og treng! Ikkje alltid er livet slik at ein har nokon i umiddelbar nærleik å transportere tankar til, men eg har eit behov for å setje ord på tankane mine. Derfor ein blogg.

Kven er så eg? Eg er kvinne. Mor. Dotter. Syster. Venninne. Ikkje nødvendigvis alltid i den rekkefølga, men eg er alle desse tinga. På mange plan kjenner eg at eg lykkast. Eg er ei omsorgsfull og oppmerksam mor. På jobben er eg aktiv og engasjert, og eg føler eg får brukt evnene mine. I tillegg har eg fleire verkeleg gode vener som eg møter med meir eller mindre jamne mellomrom. Eg kjenner meg oppdatert og deltakande i samfunnet sidan eg les mykje, både bøker, aviser og tidsskrifter. Alt dette gir meg glede og sjølvtillit. Eg er glad i meg sjølv.

Oftast kjenner eg meg glad. Sjølv om livet ikkje alltid har vist seg frå solsida. Ein lærer seg å leve med sorgene sine. Sjølv har eg komme opp att frå bølgedalen som eit sterkare og betre menneske.

Ja, livet mitt er bra. Eg har det bra. Men det er bedre å vera to enn ein. Eg saknar å elske. Eg saknar å bli elska. Eg saknar å kunne vera liten og svak, for åleine må ein alltid vera sterk. Eg saknar nokon å dele tankane mine med på fast basis, for åleine er det vanskeleg å få bekreftelse eller å bli korrigert.

Eg er på leit. Ikkje etter å finne meg sjølv, det føler eg at eg i stor grad har gjort. Men etter eit likesinna menneske. Eit elskverdig menneske.

Inntil vidare får eg transportere tankane mine på denne måten. I skriftleg form. Ut i den store verdsveven. Tankar om livet og jakta på den einaste eine. Nokre gonger vil melankolien og vedmodet ta meg. Andre gonger vil eg gjere narr, av meg sjølv eller av menneske eg møter. Men tankane vil vere mine. Versågod. Ta i mot om du vil.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s