Tankar i byrjinga av det nye året

Det er fyrste januar. Den fyrste dagen i det nye året, og tid for å gjere opp status. Ikkje sivilstatus sjølvsagt, den har ikkje endra seg over natta. Men i dag skriv me 2016 i staden for 2015. Ikkje at eg kjenner ei stor endring frå i går til i dag, men vissa om at me er gått inn i eit nytt år gjer at eg gjer meg nokre tankar om kvar eg står og korleis det siste året har vore.

Det har ikkje vore eit år med dei store personlege hendingane og endringane. Eg har halde fram livet mitt som før. Jobb. Familieliv. Sosialt liv. Kvardagsliv. Reiseliv. Det har vore eit godt år og eit stabilt år. Ikkje store nedturar, men heller ikkje store oppturar. Eg har tatt nokre val, til dømes at eg skal halde fram ei stund til på same arbeidsplass. Eg får framleis utfordringar nok, og eg har også fått nokre nye og spanande oppgåver. Når eg i tillegg trivst svært godt, veljer eg å bli ei stund til.

Men eg treng ei endring i livet mitt, og i 2015 bestemte eg meg for at den endringa handlar om bustad. Eg er på jakt etter ein ny leilegheit, og eg har fått sett i gang prosessen mot å få dette til, så håpet på ein dag som denne, er at eg i løpet av det nye året skal klare å kjøpe ein ny plass å bu.

Kva anna håpar eg på? Sjølvsagt håpar eg på ein mann. Eg ville lyge om eg ikkje vedgjekk det. Men eg går ikkje inn i det nye året med store forhåpningar om å møte Mannen med stor M. Sant og seie tvilar eg på at eg kjem til å finne han i næraste framtid. Om att og om att har eg gjort erfaringar om at det er nok av hyggelege og bra karar der ute, men det å finne nokon som er meir enn hyggeleg synast umogeleg. Slik var det jo også med den siste eg trefte. Grunnen til at eg grua meg til daten med han var jo sjølvsagt at eg skjønte at han var meir på enn meg, noko eg fekk bekrefta i løpet av kvelden. Denne gongen valde eg faktisk å vera heilt ærleg med han, og heldigvis verka han å forstå.

All denne datinga som eigentleg kjennest rimeleg fånyttes, gjer meg umotivert. Eg orkar ikkje lenger bruke krefter eller å ta særskild initiativ. I alle fall ikkje via nettet. Tinder er ein drittplass. Overfladisk sveiping. Side opp og side ned med lite tiltalande profilar. Dei få gongene eg sveipar høgre på ein profil, er det ikkje fordi eg er særleg interessert. Det er vel heller slik at vedkommande er litt betre enn gjennomsnittet. Ikkje så verst, liksom. Men ikkje så verst er ikkje bra nok!

Kanskje er det likevel ikkje mennene det er noko i vegen med. Kanskje er det forumet og settingen og meg som er problemet? Eg likar jo ikkje Tinder som konsept. Eg mislikar dating som setting. I tillegg er eg lite motivert. Er det då noko håp? Opnar eg eigentleg opp for nokon i det heile tatt? Tvilsamt…

Den fyrste dagen i det nye året sletta eg profilen min på Tinder. Eg orkar ikkje meir. I det minste treng eg ein pause. Eg brukar jo berre appen fordi eg kjedar meg, ikkje fordi eg har trua. Like greit å slette heile greia. Det kjennest i grunnen veldig bra!

Framover kan heller det som skjer skje. Så får eg berre ta ansvar, halde fram med å skape eit liv for meg sjølv og finne lukka gjennom det eg har moglegheit til å styre sjølv. Ein kan jo ikkje basere lukka på eit anna menneske som eg ikkje ein gong har møtt!

 

Advertisements