Eg gruar meg til date

I morgon kveld skal eg treffe ein mann for tredje gong, og til no har eg ikkje noko å utsetje på han. Ikkje noko eg tenkjer er negativt. Så kvifor gruar eg meg?

Den fyrste gongen me møttest drakk me øl og snakka samen. Timane gjekk. Praten gjekk. I heile fem timar. Me snakka om bøker. Om jobben. Om borna. Om familie. Om klimaet. Om flyktningar. Om menneske me kjenner. Han lytta. Verka interessert i meg. Eg likte det han sa om seg. Fekk lyst til å treffe borna hans.

Me ville begge traffast att, men desember er travel. Det vart ein kjapp kaffikopp innimellom andre ting denne veka. Igjen viste han seg å vera lett å snakke med. Også utan øl.

I morgon skal eg treffe han att. Full pakke med teater og middag. Og eg gruar meg! Men kvifor gjer eg det når han verkar bra? Sjølvsagt har det noko å gjere med at eg er jo ikkje noko glad i dating. Eg likar ikkje situasjonen i det heile tatt. Det kjennest ukomfortabelt og unaturleg. Her sit to menneske saman som begge veit kvifor dei er sit i lag, men dette blir underkommunisert, og begge prøver å vise kven dei er – sjølvsagt med noko vekslande hell. Når det er heile tredje daten, då byrjar vel forventningane å vekse proporsjonalt med talet på møte?

Eg er redd for kva forventningar han har til meg, at han har for store forventningar til meg. Kva ser han for seg? Han verkar å vera på. Interessert. Meir enn det eg er. Eg klarar ikkje å innfri nokon andre forventingar enn ein hyggeleg kveld der me prøver å bli meir kjend. Eg er redd for at han skal bli for nærgåande. Både i form av seie fine ting om meg, men også i form av å ta på meg. Eg kjenner at det klarar eg ikkje. Eg vrir meg nesten her eg sit, for eg veit at eg ikkje klarar å gjengjelde eller å innfri. For den store dragninga manglar frå mi side. Burde den vera der? Er det naturleg at den ikkje kjem med ein gong? Kan han koma etter kvart?

Eg likar han godt, han er en fin fyr, men eg er ikkje tiltrekt av han. Tidlegare har eg nokre gonger merka ei dragning mot den andre omtrent med ein gong. Dei har i alle fall ikkje vore riktige menn. Andre gonger har dragninga kome gradvis litt etter litt. Desse har vist seg å vera meir riktige, men ikkje heilt riktige. Ellers hadde eg jo ikkje sete her.

Eg treffer han i morgon, for han verkar for bra til at eg kan avskrive han. Men eg er redd for kva han tenkjer seg og ynskjer av meg, redd for at han skal like meg meir enn eg likar han. Det er jo alltid slik…

Advertisements

One thought on “Eg gruar meg til date

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s